- Verdas råaste ekspedisjonsskip

Med statsministeren tilstades markerte Hurtigruten og Kleven Verft 7. juli den historiske kontrakta om bygging av inntil fire nye skip.

Statsminister Erna Solberg besøkte Kleven Verft då milliardkontrakten vart markert.

- Denne investeringa, som har ein verdi på fleire milliardar og er den største i Hurtigrutens historie, handlar om meir enn nye skip. For Hurtigruten handlar dette om det enorme potensialet som ligg i reiseliv, ein av dei internasjonale industriane med største vekst. Samtidig vil skipa vise verda av Noreg er ein av verdas fremste verftsnasjonar, sa Skjeldam.

Avtalen omfattar bygging av to nye hurtigruteskip tilpassa ekspedisjonsseglingar, og inkluderer ein opsjon på bygging av ytterlegare to skip. Tolv internasjonale verft vart vurdert før valet fell på Kleven Verft.

- Det er tilfredsstillande å kunne konstatere at norsk verftsindustri er i verdsklasse. Gjennom denne prosessen har vi fått stadfesta at det er ei fantastisk innovasjonstakt i norsk maritim næring. Og aller størst er den her hos Kleven. Det lovar godt for framtida, sa Skjeldam.

Skipa er designa av Rolls-Royce, og er spesialtilpassa opplevingsbaserte ekspedisjonsreiar, og kan også segle langs norskekysten. Fartøya har isforsterka skrog, blir 140 meter lange og kan ta 530 passasjerar.

Første skip skal stå ferdig i juli 2018, andre skip i juli 2019.

 

- Vi skal bygge dei råaste ekspedisjonsskipa verda har sett. Dette samarbeidet er norsk innovasjonskraft på sitt beste, seier Hurtigrutens konsernsjef Daniel Skjeldam.

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway