MS Fridtjof Nansen til Green Yard Kleven

MS Fridtjof Nansen kjem til Green Yard Kleven for å bli klargjort til nye ekspedisjonscruise.

-Det er veldig gledeleg at Hurtigruten Expeditions kjem med dette oppdraget til oss, og for dei tilsette blir det eit gledeleg gjensyn med skipet, seier konsernsjef i Green Yard Group, Hans Jørgen Fedog.

MS Fridtjof Nansen vart nyleg døypt i Longyearbyen, og har den siste tida gjennomført is-trening og trening på ekspedisjonsoperasjonar i områda på og rundt Svalbard. No skal skipet få utført arbeid hos Green Yard Kleven før det startar ei serie ekspedisjonscruise frå Hamburg og oppover norskekysten til Nordkapp.

MS Fridtjof Nansen blir det sjette skipet frå Hurtigruten Expeditions som får utført arbeid ved verftet siste året.

MS Roald Amundsen klar for ekspedisjonscruise
MS Roald Amundsen har siste tida også hatt eit opphald på Green Yard Kleven. Her har det blitt klargjort for ekspedisjonscruise. Skipet skal i vinter segle i Antarktis etter eit vellykka opphald på Green Yard Kleven, og sett kursen sørover berre eit par dagar før søsterskipet kjem til verftet.

MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen er verdas to fyrste hybride ekspedisjonsskip, begge vart bygde på Kleven og leverte i 2019.

MS Fridtjof Nansen, Isfjord Norway. Foto: Andrea Klaussner