Green Yard Kleven feirar eittårsdag

14. juli 2021 er det eitt år sidan Green Yard Group kjøpte Kleven Verft. Mykje har skjedd det fyrste året, og nesten nøyaktig på eittårsdagen til Green Yard Kleven blei ein ny milepåle for verftet nådd.

- Den fyrste klippinga i stål blei gjort rett før helga, og dermed er resirkuleringa av skip i full gang,  seier Kjetil Bollestad, CEO i Green Yard Kleven.

Omstilling frå start
For å starte opp Green Yard Kleven måtte det ei omstilling til, og verftet gjekk frå å vere eit reint nybyggingsverft til å tilby tenester innan heile livsløpet for skip: Nybygg, reparasjon, ombygging og resirkulering av skip.

-Vi har i tillegg til resirkulering av skip også gått inn i marknaden for ombyggingar i alle størrelsesordenar, som td hybridisering, i tillegg til reparasjonar av alle typar fartøy. Vi har eit fantastisk team på verftet som hjelper kunden å finne gode løysingar for å få til det dei ønsker, forteller Bollestad.

Bygge stein for stein
Med dei nyaste tilskota av forretningsområde, er Green Yard Kleven det einaste verftet i Noreg som kan handtere heile livsløpet til skip. Til tross for eit tøft år, har verftet oppnådd gode resultat så langt.

- Strategien saman med Green Yard Group er å bygge stein for stein og ha god kontroll, og det må vi fortsette med framover også. Det vil vere tøffe tider ei stund til, og vi må leve med å ha ein kortare horisont for oppdrag enn vi er vande til. Likevel - til no i år har vi oppnådd gode resultat, og vi har sterk tru på at vi i løpet av dei neste to – tre åra er i full gang igjen også med nybygg, seier Bollestad.

Ti oppdrag fyrste året
Verftet har hatt ni ombyggings- og reparasjonsoppdrag og eitt nybygg og i sitt fyrste år, noko av dette er pågåande arbeid. I tillegg er tre fartøy som skal resirkulerast kome til kai – ei ferje, ein lekter og ein PSV.   

- Alle har bretta opp armane og bidratt til å få verftet i gang igjen, innsatsen til dei tilsette har vore fantastisk. Vi har fått gode tilbakemeldingar på jobbane vi har utført, og med det er det viktigaste på plass -  våre tilsette med kjernekompetanse for å kunne vidareføre kvalitetsarbeidet som verftet har stått for i alle år, fortel Kjetil.

Green Yard Kleven AS i Ulsteinvik er saman med søsterverftet Green Yard Feda på Angholmen ein del Green Yard Group.  

Feirer med is på kaia
- Eg rettar ein stor takk til tilsette, kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar for året som har gått. I dag feirer vi eitt-årsdagen til Green Yard Kleven med å invitere alle på verftet til is på kaia i eit strålande solskinn og med ei sterk framtidstru! 

Dronebilde av Green Yard Kleven: Oclin