Emeraude har starta fiskeriet

Byggnr. 395, trålaren Emeraude, vart overlevert frå Myklebust Verft til franske Compagnies Des Peches Saint-Malo & SAS Comptoir Des Peches D'Europe Du Nord - Euronor 26.april 2018, og er no i full gang med fisket utanfor Nord-Norge. Emeraude er den tredje i ein serie på fire trålarar frå Myklebust Verft, og det 80 meter lange fartøyet er av NVC-374 WP-design frå Rolls-Royce. Dei to første, Cuxhaven og Berlin, vart leverte til DFFU i fjor.  Vi ynskjer båt og mannskap hell og lukke! 

Hovedfoto: Jan Sætre