Horizon Star klar for operasjon

Byggnr. 379 frå Kleven Verft vart overlevert til Horizon Maritime 3. august 2017, og tek no til på oppdrag aust for Newfoundland. 

Fartøyet er av typen MT 6015, og er mellom anna utstyrt med kran med kapasitet ned til 3000 meter, moonpool, helikopterdekk og innreiing for 60 personar. 

- Vi er glade for å ha fått ei løysing for dette fartøyet. Det har vore eit utfordrande prosjekt for oss, etter at opprinneleg kunde ikkje var finansielt i stand til å overta fartøyet ved avtalt levering i 2015. Det er flott å sjå at fartøyet no kjem i operasjon, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.