Oppdrag levert for Frøy Challenger

Dei siste vekene har Green Yard Kleven arbeida med tilpassingar og ombygging på avlusingsbåten Frøy Challenger, og oppdraget er no fullført.

-Vi har arbeida oss gjennom tilpassingar i rørlinjene til fiskepumpene. Det var ei kompleks ombygging med store komponentar og rørdimensjonar på eit begrensa areal, det var derfor viktig med eit tett og godt samspel mellom løysingsorienterte folk frå reiarlag og verft. Dette har vore eit flott oppdrag for oss her på Green Yard Kleven, seier plan- og prosjektleiar Erik-Marius Riise.

Pioner-prosjekt gir god laksehelse

Frøy Challenger er eigd av Frøy Akvaressurs med kontor i Ulsteinvik, og er ein avlusingsbåt for oppdrett. Båten er ein ombygd supplybåt, og det er Frøy Akvaressurs sjølve som har utvikla eit heilt nytt konsept som vil ha ein svært stor kapasitet samstundes som fiskevelferd er sett i høgsetet. For å klare dette, vert det nytta eit nytt pumpesystem som ikkje har vore prøvd før.

- Dette er eit pioner-prosjekt, der vi har hatt stor fokus på god laksehelse og effektivitet, og vi trur ikkje nokon i dag kan konkurrere med denne båten når det gjeld kapasitet, fortel Frank Otterlei, teknisk inspektør frå Frøy Akvaressurs.

Etter at båten var ferdig ombygd og systemet var testa, ønskte Frøy Akvaressurs å justere det ytterlegare for å oppnå optimal funksjon. Det er denne ombygginga Green Yard Kleven har gjort.

-Jobben har vore komplisert, og vi er godt nøgde med utføringa gjort av folka på Green Yard Kleven. Ombygginga bidrog til at pumpesystemet og fartøyet no fungerer svært godt, seier Frank.

Sirkulærøkonomi inn i prosjektet

I tillegg til sjølve ombyggingsjobben, vart det utført nokre andre mindre oppdrag for Frøy Challenger under opphaldet ved verftet. Mellom anna vart det installert utstyr og delar om bord, som Frøy Challenger handla frå resirkuleringsprosjekta Souvereign, Neptune, og Admiral, og dermed kom det sirkulærøkonomi i prosjektet også.

-Eg vil gjerne takke Frank og dei andre frå Frøy Challenger for eit hyggeleg oppdrag og eit godt samarbeid, og ønsker dei lykke til med avlusingsoppdraga dei skal til på, seier Erik-Marius Riise.