Nytt oppdrag for Hurtigruten Expeditions

Green Yard Kleven har fått eit nytt oppdrag for Hurtigruten Expeditions. MS Roald Amundsen skal få utført arbeid som skal klargjere skipet til nye ekspedisjonscruise.

- Vi er svært glade for å få Roald Amundsen til kai ved Green Yard Kleven igjen, seier Kjetil Bollestad, CEO i Green Yard Kleven.

MS Roald Amundsen blei bygd ved verftet og levert i 2019.  MS Roald Amundsen er spesialbygd for nokre av verdas mest krevjande og spektakulære farvatn og er verdas fyrste hybriddrevne cruiseskip, med plass til omlag 500 gjestar. Bygginga av dette skipet, samt søsterskipet MS Fridtjof Nansen, bidrog til å sikre ei unik kompetanse for verftet innan hybride ekspedisjonsskip.

Landstraum og klargjering til nye ekspedisjonscruise
Skipet blir kopla til landstraum under opphaldet, og verftet skal utføre både større og mindre jobbar for å gjere skipet klart til nye ekspedisjonscruise.

 -Vi er meget godt nøgde med å få eit nytt oppdrag av Hurtigruten Expeditions berre kort tid etter at vi har levert MS Maud og MS Otto Sverdrup. Nok ein gong ønsker eg å takke for det gode samarbeidet vi har med Hurtigruten Expeditions, underleverandørar og andre samarbeidspartnarar, avsluttar Bollestad.  

Green Yard Kleven er i dag Noregs fyrste og einaste livlaupsverft, og har i løpet av det siste året starta opp med å tilby tenester innan ombygging, reparasjonar og resirkulering av skip i tillegg til nybygg av skip, som verftet er mest kjent for.