Ny Hurtigruten-jobb til Green Yard Kleven

Hurtigruten Expeditions-skipet MS Maud kjem til Green Yard Kleven i juni 2021 for teknisk oppgradering og klargjering for ekspedisjonscruise.

 -Dette er eit godt oppdrag for oss, det blir ein del tekniske oppgraderingar som passar fint inn med kompetansen og kapasiteten vi har på verftet, seier Kjetil Bollestad, CEO i Green Yard Kleven.

Klargjering til ekspedisjonscruise 

Skipet er ein del av flåten til Hurtigruten Expeditions, og skal gjerast klart til å gå inn i ekspedisjonscruise-trafikken igjen. Green Yard Kleven skal utføre tekniske oppgraderingar, og vil i løpet av sommaren få skipet klargjort til ekspedisjon.

 -Vi ønsker MS Maud velkommen til Green Yard Kleven, og tar det som ei tillitserklæring at vi har fått nok eit oppdrag frå Hurtigruten Expeditions, seier Bollestad.

MS Maud til Hurtigruten Expeditions-flåten

MS Maud, tidlegare MS Midnatsol, har tidlegare segla både i rutetrafikken Bergen – Kirkenes og som ekspedisjonsskip, hovudsakeleg i Antarktis og Falklandsøyene. Frå 2021 blir ho ein del av ekspedisjonsskip-flåten til Hurtigruten Expeditions året rundt, og skal mellom anna segle ekspedisjonscruise på norgeskysten, Dei britiske øyene og Skandinavia. MS Maud er oppkalla etter den legendariske polarskuta Maud, som i sin tur var oppkalla etter dronning Maud.

Foto: Hurtigruten Expeditions