Skipsbygging

Skipsbyggingskonsernet Kleven leverer store og teknologisk avanserte fartøy til norske og internasjonale kundar. Vi har flytta ein større del av byggeprosessen heim til Noreg, og med automatisert og robotisert produksjon har vi saman med kundane våre starta på ein ny epoke av stolt skipsbyggingstradisjon.

Her finn du bilete og informasjon om fartøy innan mange ulike marknadssegment, levert frå Myklebust Verft og Kleven Verft. Den komplette referanselista, med alle fartøy levert frå verfta våre heilt tilbake til bygg nummer 1, Gollenes, finn du under Ordrar & referansar. 

 

Modulbasert skipsbygging ved Kleven Verft.

Filmen viser samanstilling av byggnr. 381, SS NUJOMA, ved verftet i perioden november 2015 - januar 2016.