Maersk Minder døypt og levert

Ankerhandteringsfartøyet Maersk Minder er levert frå Kleven Verft. Dette er båt nummer fire i ei rekkje på seks AHTSar for Maersk Supply Service. Maersk Minder gjekk rett i jobb etter levering, på same måte som dei tre søsterskipa har gjort før ho. Dei haustar mange lovord frå fornøgde kundar, og COO Claus Bachmann i Maersk Supply Service fortel:

- Nye høgkvalitets fartøy er alltid spennande, men det er først når vi står overfor kundane at vi verkeleg må vise kva vi er gode for. Fartøya må yte 100% frå dag ein, og skape meirverdi for kunden. Eg er glad for å kunne seie at alle dei tre tidlegare leverte fartøya i Starfish-serien har oppfylt alle forventningar og haustar gode tilbakemeldingar frå kundar, med skryt av gode fasilitetar og særs god drivstoffeffektivitet.
 

Hovedfoto: Martin Ringstad / Kleven          Gallerifoto: Olav Thokle / Fotomaritim

Slaktebåten Aqua Merdø levert frå Myklebust Verft

Slaktebåten Aqua Merdø er levert frå Myklebust Verft til sine nye eigarar Dess Aqua. Bløggebåten er om lag 60 meter lang, og utstyrt med avlivings- og bløggelinje med kapasitet til å ta unna i overkant av 20.000 fisk i timen. Båten er designa av Salt Ship Design, og har kapasitet til å frakte 400 tonn fisk i slengen frå merder til slakteri på land.

 

Foto i galleri: Olav Thokle / Fotomaritim