Referansar

Myklebust Verft er godt rigga til å ta på seg uforutsette oppdrag, og verftet aukar stadig porteføljen av service- og ettermarknadsreferansar. Slike oppdrag skapar ein eigen puls i organisasjonen, og nøgde kundar vender stadig tilbake.
 

Aker Wayfarer

Aker Wayfarer vart modifisert ved Myklebust Verft i 2016, då skipet skulle ombyggast frå konstruksjonsfartøy til å handtere subseautstyr på store havdjup utanfor Brasil. Skroget vart forsterka og topside-utstyr for handtering av fibertau, skiddesystem på dekk og subsea orienteringsutstyr vart installert slik at Aker Wayfarer kunne sette ned og ta opp subseatre og modular, inkludert strukturar og manifoldar frå havbotnen. Femårsklassing vart også gjennomført på same tid.

Aker Wayfarer er 157 meter lang og 27 meter brei, og er så langt det største fartøyet som er dokka på Myklebust Verft.

 

Island Constructor

 

Fem-års klassinga av den flyttbare innretninga Island Constructor vart utført ved Myklebust Verft, med eksepsjonelt høge krav til sikkerheit frå reiar og chartrar si side. Reiar Island Offshore Management AS held til og med kurs for formennene på verftet for å førebu dei på oppdraget; eit prosjekt som involverte arbeid på modulhandteringstårnet, stålarbeid, rørarbeid, elektroarbeid etc. Dei høge krava til sikkerheit vart i ettertid oppretthaldt på verftet, og er framleis handheva den dag i dag, fem år etter.  Etter dette omfattande prosjektet mottok Myklebust positive tilbakemeldingar frå reiar for god kvalitet på arbeidet og levering til avtalt tid, noko som resulterte i at Island Constructor kom tilbake seinare for å få utført reparasjonar.

 

Christina E

Christina E er eit multifunksjonelt fiskefartøy som kan utføre offshoretenester så vel som forskingsverksemd. Fartøyet var dokka for fyrste gong i desember i 2011 og har besøkt verftet ein gong eller to i året sidan, for å få utført generell service og klassing. Dette reflekterer reiaren sin tillit til arbeidet vårt, og vi har utvikla eit godt forhold til Ervik & Sævik gjennom desse åra. Den enkle tilgangen til verftet samt nærleiken til fartøyet si heimehamn er også avgjerande.

 
 

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway