eit fleksibelt verft

Myklebust Verft tilbyr fasilitetar for dokking av alle typar fartøy opp til 15.000 tonn- inkludert subsea konstruksjonsfartøy, ankerhandterarar, seismikkfartøy, brønnbåtar og fiskefartøy blant andre.

Lokalisert i Gursken på nordvestlandet, er verftet lett tilgjengeleg for alle typar fartøy. Som del av ei større maritim klynge vil du også finne leverandørar av gir, thrusterar og propellar, samt klasseselskap i kort avstand frå verftet.

At vi er ISO 9001 og ISO 14001 sertifisert aukar kunden si tilfredsheit og viser vårt engasjement i HMS (Helse, Miljø og Sikkerheit). Verftet er også godkjent ISPS-anlegg.

Etter over 100 år i drift, har Myklebust Verft lang og solid erfaring med nybygg, service, reparasjonar og ombygging av skip; eit skips livssyklus.