Myklebust verft

Ved Myklebust Verft i Gursken i Sande kommune kan vi i tillegg til nybygg også tilby dokking for dei fleste typar fartøy. Etter over 100 års drift, har Myklebust Verft lang og solid erfaring både innan nybygg og service, reparasjonar og ombygging. Det at våre tilsette både utfører serviceoppdrag og samstundes byggjer nye fartøy gjev oss ei unik kompetanse som kjem kundane våre tilgode.

Verftet ligg lett tilgjengeleg for alle typar fartøy, heilt ute ved Sunnmørskysten like nord for Stadt. Her ligg vi midt i den maritime klynga på Møre, med korte avstandar til store og viktige utstyrsleverandørar og underleverandørar. 

Ved Myklebust Verft i Gursken i Sande kommune kan vi tilby dokking for dei fleste typar fartøy, inkludert subsea konstruksjonsfartøy, ankerhandterarar, seismikkfartøy, brønnbåtar og fiskefartøy blant andre

Styret i Myklebust Verft AS

Kjersti Kleven / styreleiar
Terje Bøe / styremedlem
Rigmor Kleven / styremedlem
Thorolf Hestness / styremedlem
Odd Tore Finnøy / styremedllem
Arne Leif Værnes / styremedlem. Representant frå dei tilsette
Tore Refsnes / styremedlem. Representant frå dei tilsette

Pr. august 2016

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway