Kleven verft

Modulbasert skipsbygging

Kleven Verft i Ulsteinvik byggjer store, avanserte fartøy innan fleire segment. Verftet har effektive fasilitetar for tidleg utrustning og montering på bedding. Vår modulbaserte byggemetode, der modular vert samanstilt på beddingen, gjev oss meir kontroll, betre kvalitet og forbetra leveringstid. Ved å jobbe med opne modular vert installering av utstyr sikrare, raskare og lettare å kontrollere. 

Kleven har dei siste åra satsa på automatisering og robotisering av delar av skrogproduksjonen, og har på denne måten tatt tilbake ein større del av byggeprosessen til Noreg. 

Kleven Verft vart ISO-sertifisert både innan miljø og kvalitet i april 2013, og vart med det det første norske skipsverftet som er miljøsertifisert.

Kleven har dei siste åra satsa på automatisering og robotisering av delar av skrogproduksjonen, og har på denne måten tatt tilbake ein større del av byggeprosessen til Noreg.

Styret i Kleven Verft AS

Leif Teksum / styreleiar
Henrik A. Christensen / styremedlem
Arild Myrvoll / styremedlem
Kjersti Kleven / styremedlem
Anne Kjølseth Ekerholt / styremedlem

Ole-Christian Sandvoll / styremedlem

May Kristin Myklebust / styremedlem. Representant frå dei tilsette

Alf Johan Antonsen / styremedlem. Representant frå dei tilsette

Olav Høydalsvik / styremedlem. Representant frå dei tilsette


Pr. september 2017

Myklebust verft

Ved Myklebust Verft i Gursken i Sande kommune kan vi i tillegg til nybygg også tilby dokking for dei fleste typar fartøy. Etter over 100 års drift, har Myklebust Verft lang og solid erfaring både innan nybygg og service, reparasjonar og ombygging. Det at våre tilsette både utfører serviceoppdrag og samstundes byggjer nye fartøy gjev oss ei unik kompetanse som kjem kundane våre tilgode.

Verftet ligg lett tilgjengeleg for alle typar fartøy, heilt ute ved Sunnmørskysten like nord for Stadt. Her ligg vi midt i den maritime klynga på Møre, med korte avstandar til store og viktige utstyrsleverandørar og underleverandørar. 

Ved Myklebust Verft i Gursken i Sande kommune kan vi tilby dokking for dei fleste typar fartøy, inkludert subsea konstruksjonsfartøy, ankerhandterarar, seismikkfartøy, brønnbåtar og fiskefartøy blant andre

Styret i Myklebust Verft AS

Leif Teksum / styreleiar
Henrik A. Christensen / styremedlem
Arild Myrvoll / styremedlem
Kjersti Kleven / styremedlem
Anne Kjølseth Ekerholt / styremedlem

Ole-Christian Sandvoll / styremedlem

Arne Leif Værnes / styremedlem. Representant frå dei tilsette

Tore Refsnes / styremedlem. Representant frå dei tilsette

Pr. september 2017