Sjølv om mykje har endra seg, har verdigrunnlaget som Marius Kleven formulerte i 1944 vore det same:
- Vi skal gjere godt arbeid, og vere til å stole på.



Kleven er eit familieeigd selskap, med djupe røter i lokalsamfunna vi held til i. Selskapa i konsernet har ei historie som strekkjer seg over hundre år tilbake i tid. Gjennom heile historien har vilje til hardt arbeid og eit ønskje om å stadig forbetre metoder og resultat vore eit kjennemerke. Vi investerer i ny kunnskap, i nye anlegg og ny teknologi for å sikre at stolte skipsbyggingstradisjonar skal halde fram.