Ledig stilling som vaktmester

Ved Kleven Verft treng vi ein allsidig og nevenyttig person til generelt vedlikehaldsarbeid, i hovudsak på bustadar. Det vert variert arbeid, og vi treng ein som kan arbeide sjølvstendig og som har erfaring frå fleire fagområde.

Ønskja kvalifikasjonar:
Allsidig, nevenyttig og effektiv
Arbeide sjølvstendig
Lang erfaring frå generelt vedlikehaldsarbeid, og gjerne fagbrev som snekkar, tømrar eller røyrleggar
Gode munnlege og skriftlege norsk- og/eller engelsk-kunnskapar

Personlege eigenskapar:
Fleksibel, initiativrik og sjølvgåande
Vere løysingsorientert
Systematisk og strukturert
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Pliktoppfyllande, vere kvalitetsbevisst
God halding til HMS

Følgjande blir tilbydd:
Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Bedriftshelseteneste
Fleksitidsordning
Godt arbeidsmiljø
Evt. moglegheit for tilpassing til redusert stilling

For meir opplysningar om stillinga, kontakt Reinhalds- og bustadkoordinator Kjetil Sundal, tlf. 908 91 540. 

Søknadsfrist 23.09.2018

Send CV og søknad til kleven-hr@kleven.no