Vi skal gjere godt arbeid og vere til å stole på. Det er grunnverdiane våre i Kleven.
Vårt mål er at kundane våre skal oppleve at vi er til å stole på, at vi leverer god kvalitet til rett tid, og at våre produkt og tenester innfrir kunden sine krav og forventningar
Kvaliteten på arbeidet vi leverer skal vere eit konkurransefortrinn for oss
Vi skal gjere ting rett første gang, og ha effektive system for erfaringsoverføring
Vi skal systematisk utvikle både den praktiske kunnskapen i organisasjonen og høg formal/ teoretisk kompetanse
Vi skal aktivt arbeide for stadig forbetring av våre prosessar, tenester og produkt