Senioringeniør maskin

Teknisk avdeling har ansvar for å sikre eit godt teknisk underlag til alle fartøy som vert bygd og utrusta ved Kleven Verft og Myklebust Verft. Avdeling har i dag omlag 35 medarbeidarar innan områda rør, maskin, stål, utrustning og innreiing. I stillinga som senior prosjektingeniør vil du vere verfta sin fagperson innan fagområdet maskin.

Hovudoppgåver:

  • Følge opp teikningsleveransar frå designselskap med hensyn til kvalitet og tid

  • Gje fagleg støtte til prosjekta ved planlegging og innkjøp, samt i utrustingsfasa

  • Vere verfta sin faglege kontakt mot konsulentar og leverandørar

  • Vere ein pådrivar for fagleg utvikling og erfaringsoverføring

Ønskja kvalifikasjonar:

  • Minimum 5 års relevant arbeidserfaring frå skipsbygging eller anna maritim industri

  • Ved kortare arbeidserfaring vil tilsetting i prosjektingeniør-stilling bli vurdert

  • Teknisk fagskule, bachelor ingeniør, sivilingeniør eller anna relevant teknisk utdanning

  • God kjennskap til klasse og relevant lovverk

  • Solide norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Sterk fagleg interesse

  • Løysingsorientert

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta

  • Stor arbeidskapasitet og indre driv

Kleven tilbyr:

  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Trivelig arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Bedriftshelseteneste

  • Fleksitidsordning

Hovudarbeidsstad er Kleven Verft i Ulsteinvik, men det må påreknast arbeid ved Myklebust Verft i Gursken i perioder. Fast 100% stilling.

For meir opplysningar om stillinga, kontakt teknisk direktør Sigbjørn Nordstrand på tlf. 416 55 877

Søknadsfrist 16.oktober 2017

Send søknad og CV til e-post: kleven-hr@kleven.no.