Senior prosjekt-innkjøpar

Stillinga inngår i innkjøpsavdelinga ved Kleven Verft AS og rapporterer til innkjøpssjef. Senior prosjektinnkjøpar er ei krevjande fagstilling der den tilsette får sjølvstendig ansvar for gjennomføring av innkjøp i prosjekt.

Senior prosjektinnkjøpar sine hovudoppgåver er å sikre at innkjøp i tildelte prosjekter blir gjennomført innanfor dei tidsrammer, budsjett og vilkår som er satt. Dette inneberer også oppfølging av innkjøpte komponentar og utstyr for å sikre korrekt levering til avtalt tid. 

Senior prosjektingeniør vil også være ansvarleg som pådrivar og koordinerande ledd mellom dei forskjellige fagdisiplinane (teknisk, produksjon og prosjektleiing) for innkjøp. Senior prosjektinnkjøpar skal ha ei sentral rolle i fagleg utvikling og opplæring i innkjøpsavdelinga. 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Teknisk og/eller økonomisk utdanning frå høgskule/universitet/fagskule
  • Breid operativ innkjøpserfaring frå verft, reiarlag eller leverandørindustri
  • Relevant erfaring innan innkjøpsarbeid kan kompensere for manglande utdanning
  • God kjennskap til dataverktøy (ERP-systemer)
  • Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Sterk kremmarånd og lyst til å oppnå gode resultat
  • Strukturert og nøyaktig
  • Effektiv og trivast i hektiske perioder
  • Initiativrik og sjølvgåande
  • Gode samarbeids –og kommunikasjonsevner
  • Positiv med godt humør og stor arbeidskapasitet

Følgjande blir tilbydd:

  • Konkurransedyktig løns- og arbeidsvilkår
  • Utfordrande arbeidsoppgåver med høve til fagleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Fleksitidsordning

Hovudarbeidsstad er Kleven Verft i Ulsteinvik. Fast 100%-stilling.

For fleire opplysningar om stillinga kontakt innkjøpssjef Terje Storvik Nilsen på tlf.: +47 414 96 846.

Søknadsfrist 16. oktober.

Send søknad og CV: kleven-hr@kleven.no