Senior prosjekt-ingeniør stål/struktur

Teknisk avdeling har ansvar for å sikre eit godt teknisk underlag til alle fartøy som vert bygd og utrusta ved Kleven Verft og Myklebust Verft. Avdeling har i dag omlag 35 medarbeidarar innan områda rør, maskin, stål, utrustning og innreiing. I stillinga som senior prosjektingeniør vil du vere verfta sin fagperson innan fagområdet stål/struktur. Stillinga rapporterer til avdelingsleiar.

Hovudoppgåver:

  • Følge opp teikningsleveransar frå designselskap med hensyn til kvalitet og tid
  • Gje fagleg støtte til prosjekta ved planlegging og innkjøp, samt i utrustingsfasa
  • Vere verfta sin faglege kontakt mot konsulentar og leverandørar
  • Vere ein pådrivar for fagleg utvikling og erfaringsoverføring

Ønskja kvalifikasjonar:

  • Minimum 5 års relevant arbeidserfaring frå skipsbygging eller anna maritim industri
  • Ved kortare arbeidserfaring vil tilsetting i prosjektingeniør-stilling bli vurdert
  • Teknisk fagskule, bachelor ingeniør, sivilingeniør eller anna relevant teknisk utdanning
  • God kjennskap til klasse og relevant lovverk
  • Solide norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Sterk fagleg interesse
  • Løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Stor arbeidskapasitet og indre driv

Kleven tilbyr:

  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Trivelig arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Fleksibel arbeidstid

Hovudarbeidsstad er Kleven Verft i Ulsteinvik, men det må påreknast arbeid mot vårt verft i Gursken.

For meir opplysningar om stillinga, kontakt avdelingsleiar stål/utrusting Svein-Ove Jøsok på tlf. 952 89 475 eller teknisk direktør Sigbjørn Nordstrand på tlf. 416 55 877

Søknadsfrist 16.oktober 2017

Send søknad og CV til Kleven Verft AS, 6065 Ulsteinvik eller på e-post: kleven-hr@kleven.no.