Senior prosjekt-ingeniør innreiing

Teknisk avdeling har ansvar for å sikre eit godt teknisk underlag til alle fartøy som vert bygd og utrusta ved Kleven Verft og Myklebust Verft. Avdeling har i dag omlag 30 medarbeidarar innan områda rør, maskin, stål, utrustning og innreiing. I stillinga som senior prosjektingeniør vil du vere verfta sin fagperson innan fagområdet innreiing. Stillinga rapporterer til avdelingsleiar innreiing.

Hovudoppgåver:

  • Sakshandsame og kontrollere arrangement/teikningar  (td.rømning/isolasjon/dører/vindauge/ møblar/bysse)
  • Gje fagleg støtte til prosjekta ved planlegging og innkjøp, samt i utrustingsfasa
  • Vere verfta sin faglege kontakt mot konsulentar og leverandørar
  • Vere ein pådrivar for fagleg utvikling og erfaringsoverføring

Ønskja kvalifikasjonar:

  • Minimum 5 års relevant arbeidserfaring frå skipsbygging eller anna maritim industri
  • Ved kortare arbeidserfaring vil tilsetting i prosjektingeniør-stilling bli vurdert
  • Bachelor ingeniør innan byggfag eller anna relevant teknisk utdanning
  • God kjennskap til klasse og relevant lovverk (td. brann/støy)
  • Solide norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Sterk fagleg interesse
  • Løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide systematisk og målretta
  • Stor arbeidskapasitet og indre driv

Kleven tilbyr:

  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Trivelig arbeidsmiljø med høve til fagleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Fleksitidsordning

Hovudarbeidsstad er Kleven Verft i Ulsteinvik. Arbeid ved Myklebust Verft i Gursken må påreknast i perioder i denne stillinga. Fast stilling, 100%.

For meir opplysningar om stillinga, kontakt avdelingsleiar innreiing Arild Storvik på tlf. 9746690 eller teknisk direktør Sigbjørn Nordstrand på tlf. 416 55 877.

Søknadsfrist 16. oktober.

Send søknad og CV til e-post: kleven-hr@kleven.no.