Senior prosjekt-ingeniør HVAC

Teknisk avdeling har ansvar for å sikre eit godt teknisk underlag til alle fartøy som vert bygd og utrusta ved Kleven Verft og Myklebust Verft. Avdeling har i dag omlag 35 medarbeidarar innan områda rør, maskin, stål, utrustning og innreiing. I stillinga som senior prosjektingeniør vil du vere verfta sin fagperson innan fagområdet HVAC.

Hovudoppgåver:

  • Sakshandsame og kontrollere arrangement/teikningar  
  • Gje fagleg støtte til prosjekta ved planlegging og innkjøp, samt i utrustingsfasa
  • Vere verfta sin faglege kontakt mot konsulentar og leverandørar
  • Vere ein pådrivar for fagleg utvikling og erfaringsoverføring

Ønskja kvalifikasjonar:

  • Teknisk fagskule, bachelor ingeniør, sivilingeniør eller anna relevant utdanning
  • Minimum 5 års relevant erfaring frå skipsbygging, designselskap eller anna maritim industri
  • Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Leiarerfaring eller eit ønskje om å prøve seg som leiar

Personlege eigenskapar:

  • Sterk fagleg interesse
  • Løysingsorientert  
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide systematisk og målretta
  • Stor arbeidskapasitet og stå-på humør

Kleven tilbyr:

  • Konkurransedyktig løns- og arbeidsvilkår
  • Utfordrande arbeidsoppgåver med høve til fagleg utvikling
  • Trivelig arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Fleksitidsordning

Hovudarbeidsstad er Kleven Verft i Ulsteinvik, men det må påreknast arbeid ved Myklebust Verft i Gursken i perioder. Fast 100% stilling.

For meir opplysningar om stillinga, kontakt teknisk direktør Sigbjørn Nordstrand på tlf.: 416 55 877.

Søknadsfrist 16. oktober. 

Send søknad og CV til e-post: kleven-hr@kleven.no.