Prosjektleiar

Stillinga inngår i prosjektavdelinga i Kleven og rapporterer til prosjektdirektør.

Vi søkjer ein fagleg sterk og engasjert person, med gode samarbeidsevner som vil være med på å løfte prosjektgjennomføringa i eit spennande miljø.

Som prosjektleiar har du det leiande og overordna ansvar for deler eller heile prosjektet, dette inkludert planlegging, produksjon, innkjøp, teknisk og økonomisk resultatoppfølging. Prosjektleiar vil vere involvert i alle fasar av prosjektet, frå inngåing av kontrakt til overlevering av båt.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Utdanning og erfaring kan gjerne være innanforbyggfag og leiing av multidisiplin prosjekt som større offentlege bygg eller hotell, skipsbygging eller anna maritim industri
  • Ingeniør, sivilingeniør, teknisk fagskule eller tilsvarande
  • Relevant erfaring kan erstatte utdanning
  • Strukturert og målretta
  • Evne til å motivere andre, skape godt samarbeid i eige prosjektteam
  • Økonomiforståing
  • Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg


Følgjande blir tilbydd:

  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
  • Utfordrande arbeidsoppgåver med høve til fagleg utvikling
  • Trivelig arbeidsmiljø
  • Gode pensjon- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning

Hovudarbeidsstad er Kleven Verft i Ulsteinvik, men det må også  påreknast arbeid ved Myklebust Verft  i Gursken i perioder. Fast 100%-stilling.

For meir informasjon om stillinga kontakt  prosjektdirektør Ole Kristensen på tlf. 95 73 00 50.

Søknadsfrist 16. oktober.

Send søknad og CV til e-post: kleven-hr@kleven.no