Prosjektingeniør elektro marine

Kleven Maritime Technology AS (KMT) er eit teknologiselskap i Kleven-konsernet. Selskapet har vedtatt ein strategi om å utvide si verksemd og ynskjer å styrke selskapet med kompetanse og kapasitet til stadig meir teknologisk avanserte skip. KMT leverer tenester både til eige verft og eksterne kundar, m.a. tenester innanfor elektro/power/automasjon. Det marine elektro/automasjonsmiljøet er under utviding, og gjev unike moglegheiter for interessante arbeidsoppgåver og verdiskaping i eit spanande og dynamisk teknologimiljø. Satsinga fordrar nye stillingar i løpet av 2019 og KMT søker person til 100% fast stilling som prosjektingeniør elektro marine.
 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Utdanningsnivå Høgskule/Fagskule
    (relevant erfaring kan vege opp for formell utdanning)

  • Erfaring innan engineeringsmiljø for skipselektro/power/automasjon

  • Relevant prosjekterfaring

  • Maritim erfaring/skipselektrikar

  • Gjerne også erfaring med generatorsystem, dieselelektriske framdriftssystem, drives, batteri energilagringssystem etc.

  • Gode IT kunnskapar og erfaring med Autocad

  • Språk: Engelsk og norsk/skandinavisk

Personlege eigenskapar:

  • Systematisk og ryddig

  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst

  • Kontaktskapande

  • Resultatorientert

  • Interesse for marine system og teknikk

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Følgje opp og koordinere prosjekta under installasjonsfase mot våre underleverandørar

  • Supportere prosjektleiing på verft

  • Deltaking i utarbeiding av systemkonsept for elektro/power/automasjon/interface

  • Administrere utarbeiding av instrumenterings- og IO lister i samarbeid med underleverandørar

  • Planlegge og lede interfacemøter

  • Utstrakt kontakt med leverandørar/kunde/verft/

    rederi/klasse.

  • Deltaking på FAT.

Noko reiseaktivitet i inn- og utland må påreknast

Vi tilbyr:

  • God løn og konkurransedyktige vilkår

  • Utfordrande arbeidsoppgåver

  • Godt kollegialt arbeidsmiljø

  • Eit spanande internasjonalt miljø

  • Gode pensjons- og forsikringsavtalar

For meir informasjon, sjå www.kleven.no og kontakt:
Administrerande direktør Trond Liavaag +47 970 58 062                  trond.liavaag@kleven.no

Send søknad med CV innan 31.12.2018 til: kleven-hr@kleven.no