HMS-koordinator

Kleven er i spennande utvikling og har no ledig 100% 1-års engasjement med moglegheit for fast tilsetting.

Stillinga som HMS-koordinator tilhøyrar Kvalitets- og HMS-avdelinga ved Kleven Verft og rapporterer til Kvalitets- og HMS-leiar. HMS-koordinator skal vere ein fagleg ressurs internt, og skal i tillegg arbeide mot kundar, leverandørar og myndigheiter i HMS-relaterte saker:

 
  • Fungere som rådgjevar for leiinga i HMS-spørsmål

  • Førebu, gjennomføre og følgje opp revisjon av leverandørar

  • Førebu, delta på og følgje opp eksterne revisjonar av Kleven

  • Gjennomføre HMS- og miljøinspeksjonar

  • Følgje opp HMS- og miljøsaker

  • Vidareutvikle og vedlikehalde Kleven sitt HMS-styringssystem

  • Rapportere HMS- nøkkeltal

  • Yte fagleg støtte og informasjonsarbeid i organisasjonen

  • Organisere opplæringsaktivitetar

Naudsynt opplæring vil bli gitt.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3 år med relevant utdanning på høgare nivå.

  • Lang og relevant erfaring kan  kompensere for manglande formell utdanning. 

  • God kunnskap om relevant lov- og regelverk er ein fordel   

  •  God kunnskap om ISO 9001 og 14001 er ein fordel    

  •  Solid i munnleg og skriftleg norsk og engelsk               

  •   Solid IKT- og systemkompetanse. Kjennskap til ResOp og Triark er ein fordel                                        

Personlege eigenskapar

  • Sterk fagleg interesse innanfor HMS        

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 

  •  Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta 

  •  Stor arbeidskapasitet, fleksibilitet og stå-på humør

  •  Må trivast i eit hektisk arbeidsmiljø                                                                                        

Følgjande blir tilbydd

-    1 års engasjement, med moglegheit for fast tilsetting
-    Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
-    Godt arbeidsmiljø og lærerike arbeidsoppgåver
-    Gode pensjons- og forsikringsordningar
-    Fleksitidsordning

 

Hovudarbeidsplass er Kleven Verft i Ulsteinvik, men det må påreknast noko arbeid ute hos leverandørane våre. For fleire opplysningar om stillinga kontakt Kvalitets- og HMS-leiar Jogeir Skinnes, tlf. +47 958 00 548.


Søknadsfrist 30.11.18.
Send søknad med CV til e-post: kleven-hr@kleven.no.

Merk søknaden «HMS- koordinator»