Arbeidsleiar og ass. arbeidsleiar rør

Ved Kleven Verft i Ulsteinvik har vi eit langsiktig byggeprogram framføre oss og treng

Assisterande arbeidsleiar rør, eventuelt arbeidsleiar rør– 100% fast

Arbeidsoppgåver:
Assisterande arbeidsleiar skal etter leiing frå arbeidsleiar tilretteleggje, utføre, følgje opp og kontrollere rørarbeid på tildelt prosjekt. Assisterande arbeidsleiar skal vere arbeidsleiar sin stadfortredar.  


Kvalifikasjonar

  • Relevant fagbrev og erfaring frå rørarbeid på verft eller liknanade.
  • Teknisk fagskule / høgskule eller anna relevant utdanning er ein fordel.
  • God datakunnskap
  • God norsk og engelsk kunnskap

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide systematisk og målretta
  • Løysingsorientert og trivast med hektiske perioder
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet og stå-på humør

 

Kleven tilbyr:

  • Konkurransedyktig løns- og arbeidsvilkår
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Trivelig arbeidsmiljø med høve til fagleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Fleksitidsordning
  • Overskotsdeling

Hovudarbeidsstad er Kleven Verft i Ulsteinvik.
For meir opplysningar om stillinga, kontakt assisterande produksjonssjef Sindre Moldskred på tlf: 99 29 76 62.

Søknadsfrist 15. oktober 2017

Send søknad og CV på e-post: kleven-hr@kleven.no