Opphavet vårt

Historia til Kleven Verft startar med Marius Kleven; ein dyktig handverkar som hadde sitt daglege virke på Ulstein Mekaniske Verkstad. Krisene i verdsøkonomien på 20- og tidleg 30-tal var over, og optimismen gjaldt, og Marius kjøpte seg utstyr til sveising og skjerebrenning og heldt på i naustet om kveldane. Han var kjend som ein flink smed, og folk kom til han for å få gjort mindre arbeid. Det vaks på og i 1939 stod ei smie ferdig inn i fjøra på Kleivakøyla.

Frå 1944 arbeidde Marius Kleven på heiltid i smia, og då var alt eldstesonen Arthur tilsett i smia året før. Rundt ti år etter hadde anlegget vorte ein skipsverkstad med fleire bygg og slippar. Etter krigen var det tid for å gjenreise fiskeflåten, og Marius Kleven og sønene fekk mange oppdrag både med reparasjon og forlenging. Smia og renna vart fort for lita, og ny smie på åtti kvadratmeter vart bygd i betong.

Sønene til Marius; Arthur, Magnar, John og Asbjørn kom med i arbeidet etter kvart som dei vaks til. I 1961 fekk M. Kleven Mek. Verkstad det fyrste nybyggingsoppdraget – tre karar frå Herøy ville bygge ny fiskebåt i stål, og Gollenes vart Bnr 1. På slutten av 60-tallet vart dei første store kontraktane med reiarar utanfor landets grenser skrivne, og i 1970 tok ein til på den til då største og dyraste utvidingsetappen bedrifta hadde hatt. For fyrste gong måtte ein låne pengar på verftet. Men trass den store utbygginga trengde Kleven framleis meir plass, og Kleven Industri på Rovde såg dagens lys i 1975. I Leirvik i Sogn dreiv fire andre brør skipsverft, men då dei utvida verftet, fekk dei økonomiske vanskar, og gjekk konkurs. Kleven fekk tilbod om å kjøpe, og tok over verftet i 1980. Verftsgruppa var no meir fleksibel både når det gjaldt leveringstid og kva skipstypar ein kunne bygge.

I 1989 tok Klevenkonsernet eit nytt stort steg; i juni dette året tok Kleven Mek. Verkstad over dei to tidlegare Ankerløkkenanlegga i Florø og Førde. Kleven hadde ein ordrereserve på sytten skip verd 3 milliardar kroner, og var dermed den største skipsbyggingseininga i Noreg. Fleire ordrar kom til, og snart var Kleven det verftet i Europa som hadde den største ordrereserven. 20. april 1990 stod fusjon mellom Kleven Mek. Verkstad og Kværner på sakslista til styremøtet i Kleven, og vedtaket vart gjort samrøystes.

Utover 90-talet vart det harde år for skipsindustrien, og Kværner signaliserte at dei ville gi seg med skipsbygging. Det stod mykje på spel, og det var viktig at verftet ikkje vart lagt ned. Hareid Elektriske, Myklebusteigarane og dei fire Kleven-brørne slo seg difor saman og enda opp med å kjøpe tilbake Kleven-verftet – og ein såg framveksten av det som enda med fusjon mellom Myklebust og Kleven. I 2001 vert Kleven Verft AS og Myklebust Mek. Verkstad AS innfusjonert i konsernet Kleven Maritime.

I 2006 vart bedriftene i Sogn og Fjordane selde og det vidare fokuset var retta mot Kleven Verft og Myklebust Verft sin aktivitet innan offshore- og andre arbeidsbåtar.  Verfta var sikra samordning gjennom identisk aksjonærrepresentasjon i styra i dei to selskapa.

I dag:
Etter ei tid med omstilling etter sviktande marknad og økonomiske vanskar kom det Hurtigruten-eigde selskapet KVE Holding AS inn sommaren 2018 og tok over 100 prosent av aksjane i Kleven Verft AS, Kleven Maritime Contracting AS og Kleven Maritime Technology AS. Myklebust Verft vart dermed ståande på eigne bein for fyrste gong på 17 år.