Klevenbrørne

Dei fire brørne, f.v Asbjørn, John, Magnar og Arthur, starta på verkstaden etter kvart som dei vaks til og hadde ansvar for kvart sitt område av drifta. Skulegang var det ikkje snakk om. Magnar vart til og med teken ut av skulen eit år før han var ferdig. Asbjørn er fødd så seint at det då hadde kome framhaldsskule, så han gjekk åtte år på skule. Og så tok han sveisekurs då han var 15 år.

-Men eg hadde no gått ned på smia og prøvd, så eg hadde vore sveiseblind mange gongar før det, smiler han.

Og så humrar karane og seier at John var den med utdanning. Eit halvt år på handelsskule og tre veker på engelskkurs. Men som leiar følgde han godt med på kva som skjedde, og han var godt orientert gjennom dei mange styreverva han hadde.

Attpå breispektra praktisk erfaring tok brørne også kurs og henta lærdom på ymse vis. Etter som verkstaden vaks fekk dei fire brørne meir og meir ansvar for sine område. Dei hadde vakse opp med å bu på same rom. To og to hadde sove i same seng. No arbeidde brørne i same bedrift. Asbjørn på rør og maskin, Magnar med smedarbeid og hydraulikk, Arthur på innkjøp og John som leiar og på sal. Saman med far Marius brukte dei livet sitt på å bygge opp Kleven til å bli det det er i dag:

-Vi levde sjølve og heldt mange i arbeid. Det vart eit levebrød av det.

 

Tekst: Torill Myren, frå boka 'Bit for bit - båt for båt' 2015.

- Vi var innprenta arbeidsmoral og at også femminutta var viktige. Og far sa at der alltid var noko å gjere, og viss det no skulle skje at det ikkje var noko å gjere, så måtte vi ikkje stå med hendene i lommene. Det såg så likegyldig ut.