For over hundre år sidan sette Oskar Myklebust opp ei smie i Myklebustosen i Sande. Nokre tiår seinare gjorde Marius Kleven det same i Kleivakøyla i Ulstein. Elden var tent. Sidan då har det vore smidd og sveisa, hamra, banka og bygd i desse smiene som vaks bit for bit til verkstader og verft.