Om Kleven



Kleven er eit familieeigd selskap, med djupe røter i dei lokalsamfunna vi held til i. Selskapa i konsernet vårt har ei historie som strekkjer seg hundre år tilbake i tid: aktiviteten ved det som i dag er Myklebust Verft tok til  i 1915, og ved Kleven Verft i 1944.  Gjennom heile historia har viljen til hardt arbeid og eit ønske om å stadig forbetre arbeidsmetoder og resultat vore eit kjennemerke. No posisjonerer vi oss i ein aktiv marknad prega av tøff konkurranse gjennom modernisering av verksemdene våre på alle plan. Vi investerer i ny kunnskap, i nye anlegg og ny teknologi for å sikre at stolte skipsbyggingstradisjonar skal halde fram.

Sjølv om mykje har endra seg oppgjennom historia vår, har verdigrunnlaget som Marius Kleven formulerte i 1944 vore det samme:

- Vi skal gjere godt arbeid, og vere til å stole på.
Lærlingar